|
Serverskifte for Asken
Asken har skifta webhotel, og det vil ta litt tid før alle filer er på plass. Du vil oppdaga at ikkje alt innhald er der det skal vera. Beklagar dette. Med, med det nye webhotellet er det god plass til multimedia, og til og med lov å sjå dei for andre. So, no er det velstand i leiren. Slik var det ikkje før.
Fotball jenter 96/97 Syril - Årdalstangen
15. mai 2008: Her kan du sjå eit lite bildeshow frå fotballkampen på Syril Stadion den 15. mai 2008. Jentene frå Syril vann kampen 6-1 og jubla stort. Men jentene frå Årdal skora fyrst, og kampen var lenge jamnspelt. Musikken er GOBODOBRO "do something"
Maia sine bilder frå Tinderittet Junior - bildeshow
Her kan du sjå bilder frå Tinderittet Junior, 3. mai 2008. Rennet gjekk frå Øvre Dyrhaug (1450 moh) til Turtagrø (900 moh) før Tinderittet Senior same dag. Det var 27 startande. Utfordringa for løypesetjarane var å finna ei variert og trygg løype for store og små. Dei beste meistrar høg fart, medan andre må ha ei løype som sakkar dei litt. Alle fekk flotte premiar av IL Fanaråk. Tinderittet Junior var avslutningsrenn for Fjellkarusellen i Sogn (Telenorkarusellen), og derfor fekk også alle fine sekker og buffar.
Høgreklikk for val av fullskjerm
Roar Werner sin film frå Tinderittet
Kjeringi Open 2008 - siste oppdateringar
Resultatlistene på www.kjeringi-open.no har framleis nokre feil, og når deltakarane eller andre melder feila inn, vil dei bli retta opp, om det er mogleg, og dei er av ein viss storleik.
Om feilen er på berre nokre få sekundar, og feilen ikkje medfører feil plassering i klassen, så er det ikkje så viktig å retta opp. Men, om feilen har gitt nokon feil plassering, eller ført til større feil på ettappetider og slutttider, så vil me prøva å retta opp feilen.
Dei siste oppdateringane finn de HER
Fyrste mann til Damefall: Tarjei Korsbrekke - 7:21 - Spirit of Storfjord
Fyrstemann på Kleppa - Spirit of Storfjord
Fyrstemann på barneskulen - Spirit of Storfjord - men ikkje i mål. Teletøbbis hadde ein raotass på sykkeletappen, Tarjei Vevle, Vik IL, som sikra dei sigeren.
Opphoping i målområdet. Nils Magne lurer på om han blir registrert eller ikkje. Men, det vart han. Av foto, video, brikke og skanning.
Kjeringi Open 2007 på Vuze
Den mykje etterspurde filmen frå Kjeringi Open 2007 er no på nettet. Denne gong på Vuze. Ikkje lett når serverane legg ned. Får vone Vuze overlever.
Stage6 er lagt ned
Asken nytta Stage6 som server for sine divX filer. Denne tenesta var lite lønsam for eigarane, som stengde serveren. Filmane som låg på serveren, er derfor inntil vidare ikkje tilgjengelege på Asken.
Sogndalsrittet 2008
Sogndal IL og Fjellsportfestivalen gjennomførte Sogndalsrittet for fyrste gong den 22. februar 2008. Det var klassar for telemark, alpint og snøbrett, og for både born og vaksne.
Sogndalsrittet var også fyrste rennet i Fjellkarusellen (Telenor karusellen) i indre Sogn. Sjå bilder frå rennet HER!
Ola Liheim Bigjump
Laurdag 23. februar var det Ola Liheim Bigjump i Hodlekve. Det var mange luftige hopp, og mange fine triks. Dei lokale heltane nådde ikkje heilt til finalen. Men, når Erlend Nilsen ikkje nådde finalen med sitt hopp (sjå under), så fortel det litt om nivået. Torstein Yttri hadde iet fantastisk hopp i fyrste omgang, men skadde seg diverre.
Fjellkarusellen 2008 (Telenor karusellen i Sogn)
Her er plakatane:
Telenorkarusell i Fjelltelemark, Alpint og Snøbrett 2008
På vegne av IL Fanaråk, Sogndal IL og Syril, søkte Syril om å få delta i Telenorkarusellen 2008 med tre renn. Søknden vart innvilga. Renna er:
Det er lagt opp til at 150 barn opp til 12 år deltek på cupen. Fine premiar (sekker mm) vert delte ut på avslutningsrennet, som er Tinderittet. Dei som er med på minst 2 renn får sekker og bøff. Arrangørane av Telenor karusell får mykje hjelp til arrangementet.
Meir informasjon om renna og påmelding kan du seinare finna her på Asken.
Tinderittet Junior 2007
Tinderittet Junior 2007
Sognefjordrennet 2007
Prøvekøyring i Gunvordalen 2007 (foto Tor Yttri)
|