Hei.
Det er klart viktig at me no tenker fornuftig bruk av massane. Det er no me har massane!
Nyttig bruk for meg er at det kjem heile bygde til gode og att det er med på og gjere bygda vår enno meir attraktiv.
Leikanger er ei fjordbygd, unikt plassert langs verdas flottaste fjord. Det har me vert for lite flinke til å ta vare på. Frå gamalt av gjekk all kommunikasjon og aktivitet føre seg via fjorden. I dag??
Me treng mange fleire båtplassar!! Ei båthavn til i indre bygda og ei båthavn i ytrebygda.
Gjestebåthavn! Kanskje i samband med ei av båthavnene, eller kva med eit skikkeleg gjestebåtplasstilbod m/marina, ute ved tinghusannlegga. (Hanahaug) kanskje med strandpromenade ut til eit attraktivt baneannlegg/aktivitetsannlegg/leikeannlegg område ute ved ungdomsskulen og inn til eit bade og piknikk område inne ved Nybø.
Betre badeplass/plassar. Skjerma med moloar, basseng? m.m
Strandprommenade/sykkelsti langs den langstrakte flotte fjordbygda vår. Åpen for ålmenta. No har me rikeleg med masse til å fylle ut med. Sjå kva Aurland kommune har fått til i Flåm, i Aurland og mellom Flåm og Aurland.
Å nytte massen for å fylle ut til bustadsføremål er for meg feil. Det er allerede nok bustadar som sperrar for fjorden vår. Eg syns det er viktig at det skal komme alle til gode, ikkje berre for einskilde "heldige".
|