Syriljentene hadde stjerner i blikket på veg til Skjolden. Dei hadde den gode følelsen, og trudde at det skulle gå greitt å slå desse lustingane.
Men, dei små lustrajentene overraska stort. Nokre av dei sprang dobbelt så fort som jentene frå Syril, vart det sagt på sidelinja. Skyta kunne dei også.
So resultatet 7-1 var ikkje heilt ufortjent. Men, dei framtidige stjernene frå Syril kjempa godt, og lustringane slapp mindre og mindre til. Til slutt skora også Syril.
Kanskje møtest dei på handballbana til vinteren, og då blir det nok revansj.
OK?
|