Syril møtte Jotun i jenter 96 den 13. september 2007. Dette var på Sara sin bursdag, og derfor var det på sin plass at ho skora Syril sitt mål. Men, dei sterke jotundamene vann 3-1. Kampen var jamn.
Vegarbeid i Fatlaberget og på vegen mellom Tangen og Øvre Årdal gjorde at turen innover tok si tid. På heimattevegen hadde rassikrarane teke kveld.
Jentefotball er flotte greier, og burde samla eit langt større publikum. Jotun stilte med 4-5 supportarar, men det var berre ein som hadde fått jobben med å heia på spelarane. Og det kunne han. Syril sine utsendte vart sterkt imponert.
Syril stilte med sjåfør, trenar og pressefotograf frå Asken. Hadde desse skrike meir, kunne truleg resultatet vorte langt betre for Syril. Asken vil herved oppmoda Syril sin foreldre, trenarar og sjåførar til å gå på kurs i Årdal. Dei kan dette med å vera supportar!
OK?
Kamp om ballen, med Jotun sin supporter i bakgrunnen. Syril har mykje å læra av han.
|