|
17.04.2006 Sognefjordrennet - FLASH
Her er bilder av rennet og dei fleste av lauparane.
Sognefjordrennet gjekk frå Fagereggji mot Kallbakk den 15. april 2006.
For dei som ikkje kjenner området, er det fjella nord for Leikanger, Leikanger kommune.
Rennet starta på kring 850 moh. Fram til start går det omlag 2 timar frå parkeringsplassen på Kleppa.
Det var skodde og snø i fjellet, og dårleg sikt.
Det var planlagd 2 renn: Fjell-Cross og Fjell-Piste.
Fjell-Cross er preparert løype i fjellet, medan Fjell-Piste er fjelltelemark i upreparert terreng.
På grunn av veret vart Fjell-Pisten avlyst.
Bilda er såleis frå Fjell-Crossen.
Det deltok 24 lauparar.
Etter rennet var det premieutdeling og "grilling" utan grill.
Alle fekk appelsiner.
Arr: Skigruppa i Syril.
Flash & Foto: Arne Monrad
|