LIV I SOGN  2008

Sogndalsrittet 2008 - proshow

ASKEN    |     home   |   previous   next          
24.02.2008  Sogndalsrittet 2008 - proshow
Sogndalsrittet er over. For fyrste gong er dette rittet arrangert. Det skjedde i samband med Fjellsportfestivalen i Sogndal den 22. februar 2008. Planen var å setja utfor Blåfjellet. Men, vind, snø og skodda gjorde att arrangørane flytte løypa til den gamle kuleløypa ved Hodlekveheisen.

Snøen lava ned, og med god vind ved start, vart det ei spesiell oppleving for deltakarane. Men, dei klaga ikkje. Mange tykte det var så moro, at dei ba om å få køyra fleire gonger. Det fortel det mesta om løypa og forholdi.

Dei eldste hadde sekk på 5 kg og eit lite hopp. Alle hadde reipelykkje.

Dette var også det fyrste rennet i Telenor karusellen for indre Sogn, den såkalla Fjellkarusellen. Dei andre to renna er Sognefjordrennet og Tinderittet.

Bilda i lysbildeshowet er tekne av Asken sin utsendte fotograf. For å sjå showet må du lasta ned "spelaren", om du ikkje har han frå før. Berre svar JA på alle spørsmål, så går det av seg sjølv. Du kan høgreklikka og sjå fullskjerm i god kvalitet.