LIV I SOGN 2005

Masseinnspel 25/8

ASKEN    |     home   |   previous   next          
25.08.2005 - innspel  Masseinnspel 25/8
Nye innspel torsdag:

Alternativ 7: Eg meiner vi kan få enda meir ut av alternativ 7. Ein kan og tenke seg ei svømmebane der, (eit teknisk spørsmål.) Der vil og målet for svømmefestivalen vere. Ein styrker sentrumsfungsjonen (svært viktig) Eg tenkjer meg ei utfylling frå banken og austover, med åpning for Njøsaelvi. Her finnst både bensinstasjon og Kroa. Vi har diskutert dette i reiselivslaget. Fylkesmannsgarden kan ein likevel utvikle.

Alternativ 6: Det er viktig å sikre et trygt og anvendelig badeområde.

Alternativ 5: Flott måte å knyta saman fleire kvalitetar som kyrkja, kyrkjegarden, båt og badeaktivitetar for alle aldrar og alle innbuarar.

Alternativ 6: Alternativet ved fylkesmannsstrondi kan i tillegg innehalde næringsverksemd i form av til dømes fysikalsk institutt med meir, for å skape "heilårsaktivitet" i området.

Alternativ 8 og 9: Merknader alternativ 8:Kvifor legge inn hustomter i dette alternativet ? Villedande. Alternativ 9:sjøanlegg etc. for å gjere området meir attraktivt, burde ligge inn her. Villedande. Alternativ 6: Kvifor ligg ikkje "Klubbhus" , naust og parkering inne i alternativ 8 og 9 ?

Svar frå amj: Du er inne på noko. Dei fleste alternativ kan ha mange "tillegg", som ikkje er nemnde her, og ein treng heller ikkje ta med alt som er nemnt her. Alle må ha det i minne når dei stemmer.

Massane må i alle fall takast vare på om dei ikkje vert nytta til eit av forslaga. Dei kan køyrast på Kvålen, sorterast, bearbeidast eller seljast ut att som råmasse. Stein vil alltid vere bruk for!!!!!!!