Nye innspel fredag:
Forslag 3, 4 , 5 og 6 kan sjåast i samanheng. Er det mogleg å få til ny kjørbar adkomst mot ungdomsskulen via tinghuset (fylling på utsida)?
Torbukti er ein av dei få sentrumsnære strendene på Leikanger som fortsatt ikkje er utbygd. Det er galskap å bruke denne bukti til industri eller liknande.
Førsteprioritet Hermansverk sentrum. Sterkt og tydeleg sentrum, med aktivitetar, er viktig og truleg også positivt for hotellet. Men Fylkesmannsstrondi er også eit godt prosjekt.
NYTT: Strandpromenade med sykkelveg fram til Fatlaberget,med tanke på sykling til Slinde.
Strandpromenade, samt forlengelse av gang og sykkelveg fram til tunnelen/nye sykkelveg i Fatlaberget.
Næringsareal viktigast. Hvis ikkje kommunen somlar seg til å kunne ta imot massen, burde det kanskje vore eit alternativ for etablering av knuseverk for produksjon av grus og pukk.
Fylkesmannsstrondi treng ei oppgradering. Her er det plass å ta av. Det har vore lauselege vurderingar kring botnforholda som tyder på at det kanskje ikkje er heilt enkelt.
Eg vil føreslå å stella til ei molo frå den mest høvelege staden frå fyllinga på vestsida av Fruktlageret og utover og "over Hamrebukta (Torsbukta).Dette kan brukast til djupvasskai og på innsida bl.anna småbåthamn,+ diverse andre mulegheiter.Dette er eit område som kan nyttast til glede og nytte for grunneigarane og innbyggjarane på ein god måte.Viktigt at ein tek med seg grunneigarane på ein skikkeleg og ordentleg måte. Dette må vel vera ein unik sjanse til å få til noko i ytre delar av bygdi vår?
Viktig å legge til rette for plass der ein lett kan legge ut med kajakk og kano, off. småbåtslepp.
Skal vi lage til eit frilufts/bade/kajakkanlegg meiner eg vi bør satse på Ungdomsskuleområdet fordi vi der har ein del fasilitetar på plass så som garderobe og dusjanlegg, som kan vere atraktivt i samband med eit utebadeanlegg som kanskje skal nyttast utover sommarsesongen. Men før vi har kart som seier noko om botnforholda kan ein eigentleg ikkje ta stilling til saka, fordi ein ikkje veit noko om kva areal ein kan få til.
|