LIV I SOGN 2005

Masseinnspel 27/8

ASKEN    |     home   |   previous   next          
28.08.2005 - innspel  Masseinnspel 27/8
Nye innspel laurdag:

I tunellmassesaka har systrendingane kun tenkt fjord. Skulle det verte massar til overs, har eg tilleggsløysingar. Kva med å legge Kleppavegen om Svinshovda og lata overflatevatnet vegen samlar gå i Henjaelva. Då vil mange bustadar verte fri mykje flaumvatn som Kleppavegen samlar. Samstundes vil ein få ein "lettare" Kleppaveg. Eller er det nok massar til ei idrettsbane ved ungdomsskulen og utviding av av gymsalen til idrettshall og samfunns/fleirbruks/bygdahus? Eg berre spÿr.
Bruk av tunnelmasse i Leikanger! Viser til avstemming. Me grunneigarane på Ytre Hamre som har utsyn over "Tor-bukti" er sterkt imot ei fylling m/tunnelmasse til næringsutvikling. Det er no så lite strandline att i bygda, så denne "perla" bør bevarast slik den er. I denne strandsona er gjennomsnittstemperaturen på sjøvatnet med det varmaste i landet. Å nytta strondi til industriareal er meiningslaust. Det må vera nok att fruktlageret ligg her, og det må greie seg på denne strandlina. Ei utbygging vil forringa buforholda for oss i nærområdet.. Med helsing Tor Eirik og Ellen Hamre (sign.) Arne E. og Ellen R. Hamre (sign.) Arne J. og Mona Hamre (sign.)Gunnar Hamre (sign.) Kommentar frå AMJ er at det kan sjå ut som om spørjegranskinga støttar grunneigarane i dette synet.
Stranda ved Tinghuset er brådjup og ueigna for utfylling Foreslår utfylling Kløvi til tunnelopning - her får ein mykje att for massanane avdi stranda er langgrunn heile vegen.
Absolutt nei til hustomter.
Eg meinar at å lage ein molo ute på fruktlageret er ein god plass. Vi må i alle fall ha ein større båtplass korleis ein enn snur og vender på seg. Og det er i tilegg ein fin og lun plass.
"Sjøsida" av Hermansverk sentrum er så stygt at fylling og marina sikkert ikkje kan gjere det verre.  Men dei få restane av opphaveleg strandlinje som er igjen på Systrond, bør vi ta vare på (t.d. nedanfor prestegarden)
Styr unna det vesle som er att av Fylkesmannstrondi. Men fyll ut i fjøra frå Fylkesmannstrondi og innover, som første del av lang, samanhengande strandpromenade. Ferdigstilling ved bygdedugnad dei neste par åra.
Nr. 8 UTAN boligar, berre utvida båthamn! Nytt forslag: Utbetre vegen til Kleppa, samt utvide parkeringsplassen på Kleppa! Båe to er for dårlege i dag!!
Forslag 3 første prioritet.  Forslag 8 berre på vilkår av at utfylling til hustomter blir kutta