
Legg 5 timar til GMT for å få rett tid
|
I mange år har forskarane våre snakka om XML, som det moderne "internet-språket".
Med XML skulle alt vera så letta å finna på nettet, for alle nettsider og meldingar skulle merkast på ein spesiell måte.
So, brått står me her med RSS-feeder på fleire og fleire nettsider.
Av avisene i fylket er det berre Sogn Avis og Firda som har RSS (av dei ASKEN har funne). Bergens Tindende skriv også om Sogn og Fjordane, og har RSS.
NRK har RSS.
Av dei offentlege institusjonane har ASKEN funne at Fylkesmannen har RSS. I fylgje pålitelege kjelder hjå fylkesmannen, har dei omtrent 350 personar som RSS-abbonentar.
Fylkeskommunen har RSS-funksjon på nettsida si RUP-Norge.
ASKEN vonar at alle avisene og dei offentlege institusjonane snart får RSS. Det må bli eit MUST! Det er mange grunnar til det.
RSS-kjeldene får mange fleire lesarar på grunn av RSS-funksjonane. Gjennom RSS får dei marknadsført sine meldingar gjennom mange kanalar.
Ein RSS-melding inneheld som standard eit tittel, eit avsnitt om sjølve innhaldet og dato for publisering.
Det er normalt å lese meldingane frå ei og ei kjelde. Det er også mogleg å mikse saman meldingar frå ulike kjelder, slik at dei siste meldingane kjem på topp, i eitt integrert system. Det er eit slikt system ASKEN har satsa på i kolonna til venstre.
Denne nettsida du er inne på no, er også lett å laste ned med ein PDA eller mobiltelefon. Då får du alltid siste nytt på farten - på ein plass.
ASKEN - mest meint so ein service!
|